Kva typar breiband finst?

Det er fleire måtar å få breiband på. Du kan få breiband gjennom telefonlina di, i kabel inn til huset eller via radiokommunikasjon - mobilt breiband eller satellitt.

Via kabel

Abonnentliner i telenettet (DSL, Digital Subscriber Line):

I dag kan tilkoplingslinene til det tradisjonelle telenettet nyttast for dataoverføring med høg kapasitet til abonnenten. For å kunne få DSL må det lokale telenettet vere budd for tenesta, og du treng eit modem som følgjer leveransen.

Fleire leverandørar tilbyr breiband via DSL, og ADSL er den vanlegaste typen. (A-en står for ”asymmetrisk”, og det tyder at abonnementet har betre breibandskapasitet inn til brukaren enn ut frå brukaren.) DSL kan overføre web, web-TV, video, ulike speletenester, interaktive tenester som MSN, Skype o.a. med høg kapasitet. Sjå meir om DSL.

Fiberkabel:

Fiberkabel er den løysinga som totalt sett gir størst kapasitet. Nye fibernett blir lagt fleire stader i landet, og spesielt i konsentrerte område for næringsverksemd og bustadbygging. Dette betyr at mange framleis ikkje har tilgang til denne løysinga.

Via fiberkabel kan det overførast fleire TV-kanalar og du har tilgang med høg overføringskapasitet til Internett og telefoni samtidig.

Kabel-TV-nett:

Mange menneske bur i bustadsamanslutnader eller i område med kabel-TV. I dag er mange av desse netta som før berre blei nytta til TV, oppgraderte for internettilkopling med høg overføringskapasitet og for breibandstelefoni gjennom ein og same kabel.

Via radiokommunikasjon

3G (UMTS og CDMA2000):

Tredje generasjon mobiltelefoni syter for at mobilt breiband, informasjonstenester, underhaldning osv. er tilgjengelig i mobilnettet. Du er alltid oppkopla, systemet kan handtere fleire samband samtidig og verkar over heile verda.

Prisane er ulike for innanlands- og utanlands trafikk, så sjekk kva det kostar før du nytter tenesten. I Europa er UMTS den vanlegaste 3G-teknologien.

Ice er produktnamnet på ei mobil breibandsteneste som nyttar frekvensar som tidlegare var avsett til mobilsystemet NMT-450, og gjev god dekningsgrad også i vanskeleg terreng, som det norske. Teknisk sett byggjer Ice på teknologien CDMA2000, denne er ulik og heller ikkje kompatibel med UMTS.

”Turbo 3G”:

Som for annan teknologi dukkar det også for UMTS og CDMA2000 opp raskare og meir effektive utgåver. HSPA (High Speed Packet Access) er ei vidareutvikling av UMTS og inneber auka kapasitet for datatrafikken.

På same viset ligg det an til oppgradering av CDMA2000. Då nyttas omgrepet EV-DO, som står for Evolution-Data Optimized, altså betre kapasitet for overføring av data.

WLAN:

WLAN gir radiotilgang med kort rekkjevidde. Dette er ei relativt vanleg og svært brukarvennleg løysing for trådlaust Internett i enkelthusstandar, i små bedrifter og i allment tilgjengelege trådlause internettsoner.

WLAN nyttar frekvensar som ikkje krev tildeling frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Utstyr skal vere i samsvar med faste standardar.

WiMax:

WiMax er eit system som gir radiotilgang med lengre rekkjevidde, opp mot 40-50 km.

Teknologien kan nyttas til å levere breiband i område der slikt ikkje er tilgjengeleg via kabel. For å ta inn signala er det ofte nødvendig med ekstern antenne og god sikt til sendaren. Teknologien er tufta på frekvensar som tilbydaren har kjøpt bruksretten til. Også andre teknologiar enn WiMax vert nytta til slik ”fast radioaksess”.

Satellitt:

Denne løysinga krev eiga parabolantenne. I nokre tilfelle blir parabolantenna berre nytta til mottak hos brukaren, medan det vanlege telenettet ofte vert nytta til sending frå brukar. I andre tilfelle kan både sending og mottaking skje over parabolantenna.

Når ein også sender via parabolantenna, må anten brukar eller tenesteleverandør ha frekvenstillating frå Nkom. Sjå meir om breiband via satellitt.

Tilbakemelding