Breibands-TV

I dag kan ein overføre fjernsyn med moderne internetteknologi. Då tenesta ofte blir tilbydd over breibandstilknytinga (til dømes ved hjelp av fiber) til abonnentane, blir denne forma for TV ofte omtalt som breibands-TV, eller IP-TV (IP = Internet Protocol).

Digitalisering

Moderne overføringsteknikkar for TV-signal gjer nytte av digitalisering. Dette skjer gjennom at lyd og bilete blir oversett til datamaskinspråk. Kvaliteten på overføringa blir dermed betre, og informasjonen som blir overført kan komprimerast sterkt.

Satellitt-TV er i dag digital, og mange kabel-TV-nett er digitaliserte. I Noreg er òg digitalisering av bakkenettet gjennomført, såkalla DTT (Digital Terrestrial Television). Breibands-TV er alltid digital, som all annan informasjon som nyttar internetteknologi.

Web-TV

I tillegg til fullkvalitets fjernsyn kan ein òg overføre TV-liknande innhald i lågare kvalitet til PC frå Internett (Youtube eller web-TV frå NRK eller TV 2 for eksempel), eller såkalla mobil-TV til mobiltelefonen.

Tilbakemelding