Når breibandet har låg kapasitet

Det er mange ulike faktorar som kan verke inn på kvaliteten på breibandsopplevinga. Ofte handler det om kapasiteten på breibandet. Somme faktorar kan du sjølv gjere noke med, medan andre ofte ligg utanfor brukarens kontroll.

Internett

Internett er sett saman av ei mengd ulike nettverk, og desse er kopla saman ved hjelp av ulike typar kabel, ruterar og svitsjar. Trafikkmengda ute på Internett vil variere over tid, noko som då naturleg nok og verkar inn på den kapasiteten ”dine” data får gjennom nettet. Dessutan vil den vegen dine data reiser gjennom Internett variere på eit vis du som brukar sjølv ikkje kan påverke – det er i stor grad nettet sjølv som bestemmer ruta.

Webtenarar

Informasjonen på Internett ligg lagra i ulike datamaskiner som vert kalla tenarar. Jobben til ein slik tenar er å svare på førespurnader frå (mange) brukardatamaskiner - altså returnere innhald i form av tekst, bilete og grafikk. Der er ein klar samanheng mellom mengda besøkande (førespurnader) til tenaren og kor raskt den klarer å levere frå seg innhaldet. Hvis belastinga vert større enn det tenaren er dimensjonert for, risikerer ein at alt stoppar opp.

Tilkoplingsline og tilkoplingsnett

Disse er sambandet og utstyret mellom bustaden din, og leverandøren sin del av Internettet. Avhengig av kva teknologi (xDSL, fiber, kabel-TV, trådlaus) som vert nytta her, kan ein merke variasjonar i kapasiteten til ulike tider av døgnet. På ettermiddagstid samt på heilagdagar finn mange tid til å bruke breibandet sitt, og då vil alle som er kopla til den same sentralen måtte konkurrere om kapasiteten vidare inn mot Internett.

Heimenettet

I nettet heime hos deg sjølve er det fleire faktorar som kan verke inn på kapasiteten. Dei viktigaste er:

  • Heimeruteren: Ein moderne heimeruter kan utføre ein del tenester i tillegg til å sende data mellom heimenettet og Internett. Eit døme er såkalla brannmurfunksjon. Det vil seie at all trafikk som passerer ruteren vert kontrollert opp mot ulike regelsett. Data som ikkje møter desse kriteria vert rett og slett stoppa, og PC-en din vert ikkje infisert av virus eller skadelege program. Alt dette fører til ekstra arbeid for ruteren, og kan vere ei kjelde til redusert kapasitet.

  • Trådlause nett: I eit trådlaust heimenett er det radiosignal og ikkje kabel som flytter data mellom din PC og din trådlause rutar. Signalet vert svekka avhengig av avstanden mellom utstyret, og i tillegg vil fysiske hindringar som tak, vegger og golv svekke signalet ytterlegare.

    Sjølve sendaren vil og innrette seg etter andre trådlause nett i same geografiske område, og velje frekvensar og sendestyrke som ikkje forstyrrar desse – sjølv om resultatet og kapasitet kanskje ikkje vert optimal for deg! Hugs og at om fleire nyttar det trådlause nettet samstundes, vert nettet sin totalkapasitet delt mellom alle brukarane.

  • Eigen PC: Etter ei lang ferd, kanskje frå ein webtenar på andre sida av jorda, gjennom Internett, tilkoplingsnett/-line og heimenettet, endar datapakkene opp i PC-en din. Her skal dei setjast saman til meiningsfullt innhald og presenterast i nettlesaren din. Men før den tid skal dei kanskje kontrollerast av lokal brannmur og antivirussystem – og som i heimeruteren vil denne prosessen bruke ressursar.

    Gmalt nettverkskort, lite minne (RAM) eller ein gamal prosessor kan absolutt spele ei rolle for breibandsopplevinga di – særleg om maskina jobbar med tunge oppgåver i bakgrunnen som t.d. viruskontroll av harddisken.

Det er altså mange element som til saman avgjer kva kapasitet du opplever på ditt breiband. Derfor kan det vere vanskeleg å isolere kva det enkelte bidreg med for sluttresultatet. Før du rettar klage mot din breibandsleverandør, kan det difor vere lurt å kontrollere moglege feilkjelder i heimenettet ditt. Les meir under ”Mine forbedringer”.

Tilbakemelding