Trippeltenester

Saman med breibandtilknytinga får ein ofte tilbod om ei pakkeløysing som inneheld fleire tenester, såkalla trippeltenester (Triple Play). Dei tre tenestene er Internettilgang, telefoni og fjernsyn.

Abonnerer du på trippeltenester, tyder dette at du får alle tenestene levert på ei og same tilknyting. I heimen vi du då nytte eit eige lite datanett som distribuerer tenesteinnhaldet til PC, telefon og TV.

Det er lett å blande saman omgrepa breibandstilknyting og Internettilgang. For om ein bare får tenesta Internettilgang gjennom breibandstilknytinga, vil jo breibandstilknytinga alltid føre vidare ut på Internett.

Men ein kan faktisk sjå på telefonitenesta som eit eige telefoninett (eigentleg eit IP-telefoninett) som er kopla til tilbydaren sitt hovudnett. For at du skal kunne ringje til abonnentar som nyttar tradisjonell telefoni (ikkje breibandstelefoni) er IP-telefoninettet vidare kopla til det tradisjonelle telenettet.

TV krev større bandbredde

TV krev større bandbredde enn Internettilgang og telefoni. Difor er det bare tilknytingsliner med høg bandbredde som kan nyttas til TV-tenesten. Når fleire tenester blir leverte samtidig på same tilknytinga, vil det variere frå tilbyder til tilbyder om dei ulike tenestene må konkurrere om den same kapasiteten.

Alle tenestene gjer nytte av internetteknologi, eller IP (Internet Protocol) som mange seier. Det er dette som gjer den enkle integreringa over ei og same tilknytningsline mogleg.

Tilbakemelding