Heimenettverk

Eit heimenettverk gjer at du kan kople samen fleire datamaskiner og la dei dele felles ressursar. Døme på slike ressursar er skrivar, diskområde for lagring – og ikkje minst Internettilgang. Heimenettverket vil vere ei plattform for kommunikasjon mellom datautstyret du har kopla til.

Kabler eller trådlaust

Heimenettverket kan du få på plass med å strekke kablar mellom dei punkta der du ynskjer å kople til datautstyr, eller du kan nytte eit trådlaust nett som då brukar radiosignal for å kommunisere.

WLAN

Trådlause lokalnett (WLAN, Wireless Local Area Network) er ein praktisk måte å lage lokalnett på fordi ein slepp å trekke kablar. Slike nettverk kan nyttast til dømes internt både heime, i bedrifter og på skuler, eller meir opent tilgjengelig på flyplassar og hotell.

Heimerutere

Som heimenett vil WLAN vere ein slags forlenging av breibandstilknytninga di frå heimeruteren og vidare fram til den enkelte datamaskina. Det er vanleg at heimeruterar og berbare PC-ar har innebygde funksjoner for dette. Om dette ikkje er tilfellet, kan ein kople til eit eksternt trådlaust tilknytningspunkt til ruteren og/eller trådlause adaptere til PC-ane.

Ruter

Når ein knytter eit heimenettverk til Internett nyttar ein, i motsetnad til ei einsleg datamaskin, ein ruter i tillegg til eit vanleg breibandsmodem. Dette modemet vil ofte vere bygd inn i sjølve ruterboksen. Ruteren kan opptre under ulike namn og termar, så som heimesentral, heimegateway, Internet Access Device og liknande.

Ruteren har to ulike oppgåver: Den sender vidare data som kjem frå og skal til Internett. Dette fungerer på same viset som ute på Internett, der ei mengd liknande (men mykje kraftigare) ruterar sender datatrafikken dit den skal. Dette vert gjerne omtala som vidaresending (engelsk: forwarding).

Ruteren syter også for intern kommunikasjon til og frå det datautstyret som er kopla til heimenettet. Dersom du kommuniserer mellom to maskiner på sjølve heimenettet, går data fyrst innom ruteren, deretter til den maskina som er den endelege destinasjonen (svitsjing). Ved kommunikasjon frå ei maskin på heimenettverket til ei maskin ute i Internett, går også data via ruteren som står heime hjå deg. Men ulikt den interne kommunikasjonen, sender no ruteren data mot Internett, via breibandslinja di. Svaret kjem så tilbake, og då i motsatt retning.

Breibandstelefoni og TV

Heimenettverk kan og nyttas til breibandstelefoni og breibandsfjernsyn. For breibandstelefoni vil nye typar telefonar kunne koplas direkte til heimenettverket, eller ein kan nytte vanlege telefonapparat og kople desse til ved hjelp av eit adapter. Dei som abonnerer på breibandsfjernsyn, kan kople dekodaren (SetTop Box) til heimenettverket.

Avgrensing av rekkevidde

En vesentlig forskjell mellom trådlause nett og kabla nett, er at rekkevidda til trådlause nett ikkje er så enkel å avgrense. Eit trådlaust heimenett vil typisk rekke eit godt stykke utanfor heimen, og kan derfor nyttast av uvedkommande dersom ein ikkje nytter seg av sikkerheitstiltak.

Tilbakemelding