Viktig når du skal velje breiband

Det viktigaste når du vel breiband, er å tenkje gjennom kva du og husstanden din har behov for. Stadig fleire tenester blir tilbydd over breiband, og det kan derfor vere lurt å velje eit tilbod med høve til auka utnytting. Dei fleste leverandørar kan oppgradere kapasiteten etter kvart om du ønskjer det.

Valfridom

Får du tilgang til breiband frå mange ulike leverandørar, eller blir tilbodet avgrensa til breiband frå berre éin?

Om du ikkje kan få levert breiband via fast line, kan du sjekke dekningskart for ditt område hjå leverandørar av trådlause breibandstenester.

Kor enkelt vil det vere å skifte leverandør og i kva grad vil brukarutstyr (til dømes telefon, dersom du har såkalla breibandstelefoni) vere mogleg å nytte mot andre breibandsleverandørar?

Spør leverandøren du vurderer om desse momenta, og legg særleg merke til om det er bindingstid på abonnementet du har sett deg ut.

Når du har tatt eit val og teikna avtale, så hugs at du framleis har rett til å angre. Sjå til at leverandøren sender deg standard skjema med opplysningar om denne retten, samt forklaring på korleis du går fram for å heve avtalen.

Kome i gang

Installasjon av nokre typar breiband kan du gjere med såkalla "gjer-det-sjølv-pakkar". Andre gonger må ein installatør heim til deg, til dømes om du tingar ADSL og ikkje har fasttelefon. Dersom du kan velje fiberkabel, kan det hende at det må gravast inn til huset ditt.

Ver merksam på at det kan ta lang tid ifrå du teiknar avtale om fibertilkopling og til sjølve utbygginga i nærområdet ditt tek til. Prisane på slike installasjonar vil sjølvsagt variere. Ved sjølv å legge ned eigen innsats på eigedomen din, kan det vere du oppnår lågare pris for installasjonen.

Dersom du nyttar kabel-TV, kan det hende at nettet i området der du bur samt inne i bygningen må byggjast om. Spør leverandøren om dette når du hentar inn tilbod, og kontakt styret for burettslag/sameige dersom du bur i blokk og ikkje kjenner til eventuelle fellesavtaler.

Tenestetilbod

Kva for tenester kan leverandøren gi deg tilbod om via breibandet? Og kva for tenester er du interessert i å abonnere på?

Mange kan levere trippeltenester (Internett, telefoni og TV) over breibandstilgangen. Ønskjer du ei totalløysing frå ein leverandør, eller ønskjer du fritt å kunne setje saman tenestetilbod frå ulike leverandørar?

Overføringskapasitet

Den maksimale overføringskapasiteten som leverandøren tilbyr er ofte høgare til deg som brukar enn frå deg. Dette er vanleg fordi dei fleste ynskjer å hente ned meir data frå nettet enn det dei sjølv sender.

Kva er ditt behov? Ta omsyn til dette når du vel leverandør og type abonnement.

Internett er sett saman av mange nasjonalt og internasjonalt samankopla nett, og informasjonen som blir lasta ned eller sendt kan velje ulike vegar over desse netta. Derfor kan ein leverandør aldri garantere ein konstant overføringskapasitet.

Pris

Kva får du for pengane? Pris og overføringskapasitet heng ofte saman. Til dømes er ofte eit tilbod med stor kapasitet billegare pr. kbit/s enn eit tilbod med lågare kapasitet, sjølv om du betalar mindre for det siste. Omgrepet "breiband" kan altså bli marknadsført ulikt hos ulike leverandørar, og du bør vere merksam på kva som eigentleg er inkludert i dei ulike tilboda og vurdere "kor mykje breiband" du får for pengane. Det kan bli ei lite tilfredsstillande løysing dersom du bind deg til ei løysing som er relativt billeg, men som viser seg å ikkje oppfylle det du ønskjer med breiband.

Tryggleik

Korleis sikrar leverandøren at uvedkomande ikkje får tilgang i datamaskina di? Kor raskt garanterer leverandøren å utbetre avbrot og forstyrringar, og får du lett tak i hjelp pr telefon?

Legg særleg merke til at du bør passordbeskytte det trådlause nettverket i bustaden din, slik at ikkje andre kan nytte breibandet ditt utan at du kjenner til det. Les meir om korleis du beskyttar ditt trådlause nettverk på Nettvett.no.

Leverandøren du vel bør også tilby såkalla brannmur, virus- og spamfilter for best mogleg vern mot virus, ”vondsinna” kode og uønska e-post.

Service

Kva service og brukarstøtte tilbyr leverandøren? Når og korleis kan du få fatt i brukarstøtte/kunderettleiing, og må du betale noko for dette?

Sjekk om brukarstøtte er inkludert i abonnementet og om brukarstøtta er open på dei tidene du vanlegvis brukar PC-en.

Tilbakemelding