Sjekkliste når du skal velje breiband

Kva skal du bruke breibandet til?

Berre sjekke e-post, bruke nettbank og surfe litt: Då held det ofte med dei lågare overføringskapasitetane.

Litt meir avansert bruk (til dømes laste ned større datamengder som video og musikk, bruke PC og ringje samtidig med breibandstelefoni): Då bør du vurdere dei mellomste overføringskapasitetane.

Avansert bruk (laste ned/opp store datamengder, sjå på TV, fleire samtidige brukarar, breibandstelefoni, interaktiv TV/filmbestilling, videokonferanse osb): Du bør då velje ei svært rask line og eit abonnement som gir høg kapasitet.

Kva gir deg mest for pengane?

Det er lurt å samanlikne kva du får for pengane og finne den leverandøren som passar best for deg:

Kva av produkta gir "mest breiband for pengane"? Dette kan du til dømes undersøkje på breibandskalkulatoren til Telepriser.no, og krysse av for éin av dei tre kapasitetsklassane. Du kan deretter rangere etter pris pr. kbit/s.

Etableringspris: Det er store skilnader i etableringsprisen. Leit til dømes etter kampanjetilbod. Desse er det ofte opplyst om under "mer info" i Telepriser.no, der tilbydarane sjølve legg inn tilboda sine. Opplysningane på den sida vert drifta og kvalitetssikra av PT.

Det kan og vere tenleg å studere informasjonen breibandsleverandørane har om overføringskapasiteten på sine tenester. Her kan det vere ulik praksis med ”netto-” og ”bruttotal” for linekapasiteten.

Kva er inkludert?

Sjekk kva utstyr (modem/ruter) og tilleggstenester som er inkludert i tilbodet du vurderer. Desse tenestene er særskilt viktige:

Brannmur. Ei breibandsline utan brannmur er svært utsett for ”hacking”. Alle bør skaffe seg ein brannmur om breibandsleverandøren ikkje allereie byr på ein slik.

Spamfilter - vernar deg mot uønska e-post, reklame etc.

Antivirusprogram – vernar PC-en mot datavirus og skadelege program. Du finn meir informasjon om dette på Nettvett.no

Brukarstøtte frå leverandøren (som har opningstider som passar for deg)

Er breibandstelefoni tilgjengeleg, eller kanskje inkludert? Kva slags utstyr må du eventuelt skaffe i tillegg?

Er TV-tenester eller filmbestilling tilgjengeleg, eventuelt inkludert?

Tilbakemelding