Kva er breiband?

Breiband nyttar du mellom anna til å surfe på Internett. Med breiband kan du hente eller sende informasjon mykje raskare enn med tradisjonell telefonline eller ISDN.

For betre å forstå kva breiband er, kan det vere nyttig å skilje mellom dei ulike tenestene som blir tilbode, og sjølve overføringsteknologien som blir brukt for å tilby desse tenestene.

Mange tenester

Breiband gjev eit tenestetilbod som gjer brukaren i stand til å hente, eller sjølv sende store mengder digital informasjon.

Mange norske husstandar er knytte til tenesta. Dei brukar breibandet mest til ulike internettenester som nettsurfing og e-post, men også for TV-sendingar (som ikkje nødvendigvis kjem via Internett), ulike typar spel, telefoni, radio, bileteoverføring, video og musikk.

Fleirtalet av husstandane har tilbod om breiband frå minst éin tilbydar, og dette gjer Noreg til eitt av dei leiande landa i Europa innan dette området.

Rask tilgang til informasjon

Breiband er ikkje ein stor, brei kabel, men skildrar populært sagt ei teneste der tilgang til informasjon er mykje lettare, og framfor alt mykje kjappare, enn ved bruk av tradisjonell telefonline eller ISDN.

Kva vert rekna som breiband?

Regjeringa har i fleire år arbeid mot eit uttalt mål om å sikre breiband til alle. I denne definisjonen vert det kravd at kapasiteten skal vere over 640 kbit/s for å kunne regnas som breiband.

I Regjeringas utgreiing "Bredbånd til hele landet" blir breiband skildra enda meir ambisiøst som overføring av minst 2 Mbit/s (2000 kbit/s).

Korleis vert breiband levert?

Ulike leverandørar tilbyr ulike typar breiband, frå ADSL, som blir overført i det tradisjonelle telenettet, til fiberkabel som blir lagt i jorda.

Eit typisk privatabonnement i Noreg leverer kapasitet på omtrent 6-8 Mbit/s fram til brukar og omtrent 1 Mbit/s frå brukar. Dette fordi privatbrukarar ofte ynskjer å hente meir informasjon og større datafiler frå nettet enn det dei sjølve sender.

Tilbakemelding